Lavvoen vår

Lavvoen vår

 

Våren 2021 fikk vi endeleg realisert ønsket vårt om eigen lavvo i nærområdet. Samarbeidsutvalet/styret har gjort ein fantastisk jobb for at dette kom i mål. Lavvoen er plassert på den gamle grusbana, det er kort vei frå barnehagen og dermed lett tilgjengeleg for alle aldersgrupper. Lavvoen er flott plassert med skog, fjøre, fotballbane og ulendt terreng i umiddelbar nærhet. Vi har bålgrue, hengekøye, klatrenett, balansetau og slenger. Vi vil fortsette med å utvikle området til ein naturleikeplass.