Vi har 4 avdelinger:
- Småkrabbane (14 to- og treåringer)
- Blekkspruten (12 ett- til toåringer)
- Sjøstjerna (15 tre- og fireåringer)
- Kråkebollen (fire- og femåringer)
Barnehagen har relativt små barnegrupper. Vi har god pedagogtetthet (over kravet) og ei stabil og engasjert personalgruppe, med ei god balanse mellon kjønn i alle stillingstyper.
Barnehagen byggjer på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærlighet, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn som er forankra i menneskerettighetane.
Vi skal arbeide for at alle barna skal få eit best mogeleg grunnlag for utvikling og læring. Visjonen til barnehagen skal vere levande i det daglege arbeidet og vere ein raud tråd gjennom alt arbeid i barnehagen – planlegging, gjennomføring og vurdering.
I Slinningen barnehage vil vi bygge nære og gode relasjoner for å danne trygge, nysgjerrige og reflekterte barn. Vi vil aktivt bruke naturen rundt oss til leik og utforsking utfra barnas forutsetninger.
Relasjonane mellom alle i barnehagen, både vaksne og barn, får stor merksemd i barnehagen vår. Barna skal møte tydelege vaksne, som rettleier dei med innleving og varme. Barna skal få setje ord på det dei tenker, og møte vaksne som vil støtte dei i å finne løysingar. Barn klarer best å samarbeide når dei blir møtt av lyttande og nære vaksne.