Friluftsliv og bærekraftig utvikling

Natur og friluftsliv er for oss ein viktig arena for læring, der ein jobbar med å legge fundamentet for at barna blir gode forvaltarar og brukarar av naturen. Vi har mange flotte turmuligheter i nærområdet vårt, kort vei til både fjøre og fjell.

Vi vil ha fokus på friluftsliv og bærekraftig utvikling. Vi held til i flott natur rundt oss her på Slinningen. For at barna skal bli kjent med det mangfoldet av liv vi har rundt oss, ynskjer vi å bruke naturen som leik og læringsarena- sosialt samspel, motorisk utvikling, språkleg utvikling, hausting og matlaging. Mat smakar ekstra godt ute, med enkel førebuingar kan maten bli både sunn, god og spennande. 

Vi vil gå mykje på tur i små grupper. Vi vil ta oss tid til å stoppe opp for å studere plantar og småkryp underveis. Vi bruker faste plasser for leik og aktiviteter, slik som Skolefjellet og Gruffalofjøra. All slags ver til tross, vi vil vere mykje ute på tur, og det gir barna unike muligheiter til å gjere verdifulle erfaringar i naturen. Å bruke kniv, lage suppe på stormkjøkken, brenne bål, kanskje lage ei hytte i skogen. Dette gir både barn og vaksne utfordringar og litt spenning i kvardagen, og eit godt klima og trivsel på barnehagen. 

Gjennom oppleving og bevisstgjering av mangfoldet vi har rundt oss, og kva nytte dei enkelte " bitane" i naturen sitt puslespill har, trur vi at barna vil vise meir respekt for livet rundt seg. Dermed kan ynskjet om å ta vare på naturen utvikle seg også. Vi lærer barna at søppel ikkje forsvinn av seg sjølv eller brytast ned i naturen. Vi vil delta på Ruskenaksjonen gjennom kommuna, og i tillegg plukke søppel på turar gjennom heile året. Dei eldste vil få kjennskap til kjeldesortering og resirkulering. Gode vanar som tileignast i barnehagealder, varer livet ut.